FramtidsFørde

Vi vil ha eit triveleg og framtidsretta Førde sentrum.
Då må Førdepakken endrast.
Gi oss di underskrift her

I dei fleste byar vert gjennomgangstrafikk og tungtrafikk slusa utanom sentrum.
Med dagens planar vil det bli gjennomgangstrafikk i tre vegar i sentrum:

  • Angedalsvegen – med bru over Jølstra ved Førdehuset.
  • Langebruvegen forbi omsorgssenteret.
  • Fjellvegen i sentrum sør. 

Her er våre forslag

1. Vi ønskjer gang- og sykkelbru over Jølstra frå Førdehuset.

Vi ønskjer ikkje bilbru over Jølstra ved Førdehuset (tiltak 1)

Dette vil medføre store inngrep på kunstgrasbana og kunstverket Laksen. Miljøet ved Førdehuset og Festplassen vert forringa. På andre sida av elva vil biltrafikk øydelegge eit idyllisk område og den mykje brukte turstien.

2. Vi vil verne Indre Øyrane og Langebruvegen mot gjennomgangstrafikk (tiltak 12)

Vi ønskjer gang- og sykkelbru – ikkje bilbru over Løken.

Vegen vil gå rett framom omsorgssenteret, med 6000 bilar i døgnet. Stor trafikk her vil vere miljøfiendtleg, føre til svevestøv og er i sterk motstrid til planlagt friareal kring Løken på Indre Øyrane. Fuglelivet vert også skadelidande.

3. Vi vil ha gjennomgangstrafikken ut av sentrum, og endre trafikkplanen for Fjellvegen (tiltak 14)

Den gjeldande planen vil hindre utvikling av Sentrum sør til eit aktivt og triveleg sentrumsområde.

Vi ønskjer difor at tunnel i Hafstadfjellet og parkering i fjellhall vert utgreidd.

Det er mogleg å utvide Rv 5 (Naustdalsvegen) med fleire køyrebanar og avkøyringsfelt.

4. Vi ønskjer bru frå Ytre Øyrane til Halbrendsøyra (tiltak 20)

Denne ruta vil føre ein god del av trafikken utanom sentrumskjernen.

Vi vil ikkje ha gjennomgangstrafikk og tungtrafikk der den ikkje høyrer heime.

 

Det er ikkje for seint å få det til.