Kategorier
Nyheter

E39 Tunnelen forbi Førde -Takk for svar ordførar Grotle.

Odd Skrede, Førde

Eg takkar ordførar Grotle for svar i Firda 11.12.2019 vedr. status på tunnelen på E39. Det er spesielt interesant at Statens vegvesen har nokre nye moment som kan gje innsparingar på nesten 900 millionar. Sameleis at dette prosjektet vil ha endå meir gunstig effekt på trafikkavviklinga i Førde enn tidlegare lagt til grunn. Eg tykte det var mykje interesante opplysningar ordførar Grotle kom med i sitt svar til meg.

Når no ordførar Grotle opplyser at det er svært viktig å få på plass ny E39 forbi Førde. Og tidlegare overingeniør Svenn Finden i Statens vegvesen uttalt tidlegare at alle gode krefter måtte arbeide for å få tunnel på E39, då må dette vere eit prosjekt som må framskundast kraftig for å få dette på plass i NTP.

Ei lita høgtenkning: Tenk om dei folkevalde hadde sett klare betingelsar, då Regjeringa tok til å rasle med sablane om samanslåinga av dei fire kommunane, som no er eit faktum. Dette er ein del år sidan, høgreregjeringa med Solberg og Sanner sette mykje inn på samanslåing. Dei trengde eit godt prosjekt som kommunane i indre sunnfjord representerte. Hadde det då vorte sett som eitt av vilkåra: Vi skal gå inn for samanslåing men då må E39 tunnelen vere inne på NTP. Eg hadde inntrykk av at den blå/blå regjeringa var villige å vere med på ein del kompromissar på dette tidspunktet. Hadde dette prosjektet då vorte gjort byggeklart. Teke til på anleggsarbeidet samtidig som vi fekk innført bompengar i Førde. Og etter ca. 3 års byggetid kunne Sunnfjord kommune hatt tunnelopning onsdag 1. juli 2020. Det hadde vore noko til velkomstgåve til den nye Sunnfjord kommune.

Ser ein på kva som har skjedd dei siste 50 åra med vegbygging i Førde. Er eg redd for at både eg, ordførar Grotle saman med dei fleste representantane i Sunnfjord kommunestyre må ri inn i solnedgangen mens trailarane framleis gneg seg gjennom svingane i Halbredslia som i dag.

Kanskje kan her vere ei redning, etter som ein profilert fylkestingsrepresentant frå tidlegare Hordaland hadde sote på med ein trailar nedover Halbrendslia sist sommar. Og etter som eg forstod hadde han uttalt; at slik kan vi ikkje ha det. Kanskje kan den nye fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland vere med som ein god pådrivar for E39 tunnelen, no vi er vortne så store og robuste med det nye fylke Vestland. Det er gjerne von i hangande snøre.