Kategorier
Nyheter

Trafikkteljarar, vegvesen, politikarar og andre ekspertar

Tankespinn fra ein amatør

Jens Ola Evjensvold

Førdepakken er som ei konfekteske med 20 bitar av ymse slag. I ei konfekteske smakar nokre bitar rett godt, men sjeldan alle. I denne eska smakar nokre av dei store bitane ikkje godt i det heile tatt.

Trafikkteljarane har telt og talt fleire gonger og vegvesenet har funne ut at her må vi ta godt i. Dei har tegna vegar, bruer og rundkøyring. Fleirtalet i kommunestyreret diltar etter. Grunnentreprenørar og andre som eig ei gravemaskin og alle som likar asfalt og betong gnir seg i hendene.

Fem av gruppeleiarane i kommunestyret med Olve Grotle og Jenny Følling i spissen hadde 12. februar eit lesarbrev i Firda. Det skal verte eit gildt vegsystem gjennom Førde sentrum. Dei femnar alt og alle. Det er pendlarar, næringsdrivande, syklande, gåande, skolebarn og ungdom. Og her er det mykje pengar. Gruppeleiarane har lagt inn ein skjult trussel: Enten får vi ete heile konfekteska elles vert det berre smular på oss. Her er det heilskap må vite. Alt heng i hop med alt.

Dei fem bruker store ord: «TRAFIKKAOS i Førde sentrum har plaga innbyggarane, pendlarane og næringsdrivande i Førde og Sunnfjord i mange år» «… utan eit nytt og samla vegsystem ville det bli byggeforbod i Førde sentrum, inga fortetting og håplause forhold for gåande og syklande». (mine uthvingar). Eg tenker: Dette skriv framifrå tillitsvalgte, men er det sant? Og i så fall: Vil den foreskrivne medisinen hjelpe?

«Førdepakken – langt betre enn sitt rykte» heiter lesarbrevet frå dei fem, eller skal vi kalle dei våre fem. Det er vi som har valt dei. Navnet på innlegget tyder på at dei har følt at ryktet ikkje er det beste. Eg og alle eg kjenner har lenge følt det same, så her er vi på linje.

Dette må vel vitne om at våre fremste folkevalgte har ein høgt utvikla politisk kjenslevarheit ovafor veljarane. Er det for å døyve uroa at dei pakkar konfekteska inn i silkepapir? Vi las elles i Firda 8. august at kommunen, fylkeskommunen og vegvesenet spleisar på kr 200.000 for å kjøpe eit enda gildare silkepapir. Førdepakken skal bli betre på kommunikasjon og nå «den vanlege borgar» med det glade bodskap. Vi ventar i spenning.

Vi som har levd lenge nok kan smått minnast eit og anna trafikkrelatert fra nokre tiår tilbake.

I Bergen fann trafikkteljarar og andre ekspertar lure måtar å handtere den aukande biltrafikken på. Vegvesenet ville ta ein del av Fisketorget og gjere om til fleire køyrefelt for bilar. Då vakna bergenserane. Med skodespelaren Rolf Berntsen i spissen samla dei inn 38.200 underskrifter (før internett). Bystyret måtte kapitulere. Er det nokon som i dag etterspør bilar over Fisketorget?

I Trondheim fann ekspertar og vegvesen ut at Bakklandet som ligg langs Nidelva rett ovafor Domkirka måtte rivast for å gi plass til 4-felts motorveg. Då vakna trondheimarane. Det tok 20 år før bystyret skrinla planane i 1985. I dag er Bakklandet ein restaurert idyll med sine gamle småhus. Har nokon nevnt motorveg seinare?

Vi treng ikkje å gå så langt: Kva tykkjer folk på Sandane og i Eikefjord ? Vil dei ha att gjennomgangstrafikken forbi stoveglasa ?

Saknar lærdølane gjennomgangstrafikken i gata si, slik det hadde vore om vegvesenet hadde fått det som dei ville ?

Fleire eksempel finst. Er det lærdom å hente fra dette? Kva synest vegvesenet om seg sjøl?

Andre stader vert gjennomgangstrafikken slusa utanom sentrum der det går an. Men ikkje i Førde.

Olve og Jenny påstår utan nyansar at «TRAFIKKAOS i Førde sentrum har plaga innbyggarane…. i mange år»? Det er ikkje mi oppleving. Det einaste som på kvardagane i deler av Førde kanskje fortener denne merkelappen, er parkeringssituasjonen. Elles stuar trafikken seg noko morgon og ettermiddag på kvardagane når folk skal til og frå jobb. Mi private trafikktelling har eg frå sentralsjukehuset til Askvollkrysset. Eg køyrer ofte mellom kl 15:15 og 16. Tida aukar med eit par minutt samanlikna med ein kvelds- eller helgetur utan konkurrerande trafikk. Eg ser rett nok at det oftast er større stuving i trafikken over Storehagen-brua rundt dette tidspunktet. Denne smule trafikkork varer ein halvtime. Ja, det kan vere irriterande og leit å stange i bilkø, men det går fort over. Verre vil det bli for Olve og Jenny og alle oss andre å vere lei seg for all framtid for ukloke og uopprettelige politiske val.

Førde var eit vegkryss som har utvikla seg til ein tettstad som nokon likar å kalle by. Dette er ikkje meint nedlatande, men vi må stikke fingeren i jorda. Vi er ingen storby. Vi kan løfte blikket og sjå på større byar i eige land eller andre deler av verda der dei verkeleg har problem med bilmengdene.

Konfekteska har flest gode bitar. Lat oss nyte dei først. Er Førde sine trafikkproblem så påtrengande at vi treng å ete dei beiske bitane i konfekteska? Kva hastar sånn? Om kanskje 15 år kjem den store E39-tunnelen gjennom Hafstadfjellet og vil avlaste gjennomgangstrafikken monaleg. Samstundes har vi tid til å lage nye konfektbitar til erstatning for dei beiske. Med velsmakande og mykje meir miljøvenlege bitar vil betringa i trafikkflyten bli minst like god og kanskje enda betre enn med dei vedtekne tiltaka. Det einaste er at det vil ta nokre fleire år før alt er på plass.

Eg vil gjerne vite kva den jamne førdianar og andre sunnfjordingar tykkjer.