Kategorier
Nyheter

Bilbyen Førde – eller sykkelby?

Av Atle Savland, bussjåfør stasjonert i Florø med ein del bybusskøyring i Førde.

Eg har stor sans for byplanane til Lidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust som vart presentert i Firda laurdag 11. januar.

Når vi ikkje får flytta gjennomgangstrafikken ut av sentrum i nær framtid må vi prøve å få den gjennom sentrum utan å øydeleggje viktige område som indre Øyrane, området ved Førdehuset og Sentrum Sør. Ved å legge E 39 i tunnel sør for Fjellvegen vil vi få eit betre og rolegare miljø i Sentrum Sør og eit parkeringshus her ville verte mindre dominerande enn på utstillingsplassen.

Det vil også vere betre og mindre forstyrrande tilkomst for å parkere her. Ei effektiv bybussrute kunne på kort tid ta passasjerar frå parkeringshuset og utover heile «storsentrum» og passere i nærleiken av dei fleste butikkar i Førde. Denne ruta kunne vere gratis for dei som brukar parkeringshuset, ev. for alle og ha fleire avgangar i timen.

Ved å satse på bru mellom Øyrane og Hallbrendsøyra i staden for ved Førdehuset ville ein få ein del avlastning av rv5 og ein kunne for første gong fått ein effektiv «ringbuss» i Førde. Dei bybussrutene vi har i dag fungerer bra til å frakte folk mellom sentrum og sjukehuset, Vieåsen, Bergum og Hallbrendslia/Slåttebakkane, men ikkje så godt til å frakte folk mellom butikkane i Førde. Ei ny rute kunne gå i ring frå Firda Billag utover Øyrane, over til Hallbrendsøyra, tilbake til Sentrum Sør og parkeringshuset, vidare over Hafstad og Kronborg, forbi sjukehuset, Førdehuset og tilbake til busstasjonen, klar for ny runde.

På denne måten kunne ein fort komme seg frå parkeringshuset til dei forskjellige butikkane i Førde med ei rute som gjekk forholdsvis ofte og spare ein del bilkøyring i sentrum. Gang og sykkelbruer må byggast fleire plassar slik at Førde kan ha grunn til å kalle seg sykkelby og ikkje ein bilby der trafikken skal dominere sentrumsområda meir enn den gjer i dag.