Kategorier
Nyheter

Slottet i Førde!

Av Bjarte Berge, borgar, Førde

Fleire ord om utviklinga av Førde sentrum, og det fatale feilgrepet som er i ferd med å skje.

På 60-talet raste det ein debatt i Oslo. Grunna stor og aukande trafikk vart det laga nye radikale planar for å løyse dei nye trafikkutfordringane. Planen var, utruleg nok, å legge ein ny motorveg tvers igjennom byen, forbi og delvis under slottet, vidare mot Grünerløkka og ut av byen i to løp der. Store deler av sentrum måtte sanerast. Takke være nye interessegrupper, Oslo Byes Vel, og nokre modige politikarar som til slutt gjekk imot «fremskrittet», fekk ein tidleg på 70-talet såvidt sett ein stoppar for desse katastrofale planane. Alle (?) er nok glad for det i dag.

Her i Førde har vi ikkje noko kongelig slott, men vi har Førdehuset, vårt slott! Vi har ikkje ein flott organisasjon som Oslo Byes Vel , men vi har Kjartan Myklebust & co. som kjempar formidabelt for byen. Vi har nokre få modige politikarar som Tom Farsund og Asbjørn Steen, og kanskje fleire no med ny kommune og mange nye fjes i styringa?

Saka gjeld sjølvsagt utviklinga i sentrum, der no trafikken skal løysast med å legge meir trafikk inn og igjennom sentrum. Med bru, brei som ein motorveg, frå Hafstad vgs. over mot Førdehuset, veg vidare gjennom gamle Førde, og ut over Øyrane via bru ved Helsetunet. Det vert flott å få tre-fire semitrailerar som kjem opp Angedalsvegen og skal svinge 90 grader ved taxihjørnet og vidare ned Langebruvegen forbi aldersheimen. Er det dette vi såg føre oss då Førde vart lansert som den miljøvennlege sykkelbyen for nokre år sidan?

Dyrt vert det og, og pengar er det visst mangel på no. Dei som går inn for desse planane, fornuftige folk mange av dei, må kunne vise til ei fagleg god grunngjeving for at dette er det rette å gjere. Fins det ein annan by i Norge, eller andre stader, som har løyst sine utfordringar med å sende trafikken inn i sentrum? Studer kva den kjende danske byutviklar Jan Gehl skriv om «Den menneskelige byen» og «Levende byrom», så skjønar ein at Førde er på ville vegar. Han er grunnleggaren av retninga «New Urbanism», og har redda fleire byar som København, Moskva – og, faktisk, Oslo frå «bilens tyranni» (ja eg er son til ein bilforhandlar).

Vi må sei stopp no! Sjå på planane som Kjartan Myklebust & co. har presentert. Frigjer Sentrum Sør med ein tunel bak i fjellet, bygg kanskje ei bru ved Halbrendsøyra, bygg ei gangbru til Hafstadparken (kraftig nok til utrykkingskjøyrety?), og kanskje ei lokal bru ved Helsetunet for samling av omsorgstenestene? Bygg ut Naustalsvegen. Vi har tid og råd til å vente om endringar i planar skaper formelt krøll, ikkje høyr på dei som meiner «bygg bru no! – ellers stansar alt opp».

Førde sitt omdømme som Norges styggaste by har vore gjeldande lenge. Kjedeleg. Mykje er blitt gjort for å rette på dette – takka være kommuneleiinga, politikarar, private gårdeigarar og næringsliv. Sentrum er no etterkvart ikkje så verst, iallefall på rett veg. Vert den nye sentrumsplanen vedteke så er vi igjen nede på jumboplass. Vil vi dit?