Kategorier
Nyheter

Gjennomgangstrafikken slusa inn i Langebruvegen og vidare over Indre Øyrane mot riksveg 5, må vere den største galskap i nyare tid.

Av Odd Skrede, Førde

Få gjennomgangstrafikken i tunnel(ar) utom Førde sentrum.

For ca. 45 år sidan var det aksjonar for å få lagt gjennomgangstrafikken på E-39 utom Førde sentrum med bl. anna tunell bak Førde Hotell. Aksjonen stilna av. Halbredslia vart noko opprusta, som skulle vere mildertidig. Og biltrafikken på desse 45 år har auka enormt, ikkje minst tungtransporten som dundrar gjennom Halbrendslia og Førde sentrum.

Det som har skjedd med vegnettet i Førde etter denne tid er to nye bruer, nokre lyskryss og rundkøyringar. All trafikk slusa inn i sentrumskjernen. Riksveg E-39 lagt nett ut frå sentrum sør og over i Fjellveien. Her er ikkje ført mykje gjennomgangstrafikk frå Riksveg 5 og E-39 utom sentrum i Førde. Andre stadar i landet vert dette gjort. Vi treng ikkje gå lenger i vårt distrikt som: Eikefjord, Sandane og no sist Sande. Men i Førde med den største biltettheiten i Fylket, vert det ikkje gjort.

Er det Statens Vegvesen som har styrt vegføringane i Førde gjennom alle desse åra ?.

Mange generasjonar politikarar må ha svikta – eller har dei ikkje nått fram med Vegvesenet.

Ein må lure på om her er mange generasjonar med politikarar som har svikta. Eller har dei ikkje nått fram overfor Vegvesenet, til å få gjennomgangstrafikken utom sentrum. Det går fleire 10 år utan at noko serleg skjer. Så kjem panikken for trafikken inn i framtida og den tøvete Førdepakken. Den legg opp til at all gjennomgangstrafikk inn i framtida skal gå nettopp gjennom sentrumskjernen i Førde. At her ikkje er planlagt tunell på riksveg 5 frå Hornnes til Vie og tunell på E-39 Reset til Bruland kan ikkje vere anna enn ein skandale. Her vanta ikkje innspel på dette bl. anna frå sivilarkitekt Kjartan Myklebust. Planane burde vore inne i Norsk Transportplan for lenge sidan. Hadde arbeidet med gjennomgangstrafikken utom Førde vore i gang, så hadde ein kunne planlagt trafikkmønsteret i Førde sentrum fornuftig, ikkje som no i panikk. Var det ikkje tunnel på E39 med i første planen for Førdepakken og bompengeprosjektet ?. Kven bestemte den tatt ut ?. Hadde denne tunnellen på E-39 no vore med i bompengeplanane, hadde dei fleste bet. bompengane meir positivt.

Sannheiten kvifor Cooptomta på Øyrane vart lagt på is i 2003.

I 2003 var eg som ordførar i representantskapen i då Coop Sogn og Fjordane med på fleire møter med Førde kommune om vegutløysing for tomta på Indre Øyrane som Coop då hadde hatt ein del år. Men nei, her fekk vi ikkje ha meir trafikk inn på riksveg 5. Skulle vi ha vegutløysing til Cooptomta så måtte vi byggje bru over Løken i tilknytning til Langebruvegen. Prislapp på minst 40 millionar kroner då i 2003. På førespurnad frå Coop om garantiar for å få deler av bruprisen refundert frå andre tomteeigarar på Indre Øyrane, vart dette blankt avvist.

Dette var eit håplaust utgangspunkt for Coop Sogn og Fjordane. Bru til 40 mill. kroner og så med dei problem som ville truleg oppstå med at ein skulle berøre eit våtmarksområde.

Her låg avkøyrsla til byggeklar tomt. Her var betalt for arkiologiske undersøkingar og frigjeven til bygging. Men nei: Statens vegvesen hadde sett stopp for meir trafikk inn på riksveg 5 før her var avlastning på denne vegen iflg. Førde kommune.

Dette er sannheiten for at Cooptomta vart lagt på is på Indre Øyrane. Ikkje som det var opplyst i eit folkemøte på Førdehuset for nokre år sidan, at Coopen skulda Førde kommune 40 mill. kroner etter å stukke av frå rekninga. Dette var rein løgn. Coopen etablerte seg så på Brulandsvellene.

Folkemøte hausten 2016 med 2 dagars varsel.

Så kjem vi til hausten 2016 då det på eit folkemøte vert presentert utbygging av Indre Øyrane. No med to rundkøyringar inn på riksveg 5. I tillegg bru over Løken med tilknytning til Langebruvegen. Ja vegen over Indre Øyrane skulle til å med vere ein slags hovedtrase bygd for høg fart for trafikken ut av sentrum mot nett riksveg 5. Ein berekne trafikkmengd på 4 – 6000 bilar i døgnet i 2040 opplyst på folkemøtet.

Bortsett frå auka trafikk. Kva har endra seg i trafikkmønsteret frå 2003 til 2016 på riksveg 5

Det er spørsmålet til rådmann Østenstad som var med på møta med Coopen i 2003.

Kva har endra seg med at i 2003 fekk ikkje Coop Sogn og Fjordane knytta til riksveg 5 for utbygging av Cooptomta. Men i 2016 vert det planlagt for ei enorm trafikkmengd over Indre Øyrane tilknytta på same stad til riksveg 5 som Vegvesenet kan godkjenne?. Hadde Førde kommune alt i 2003 ein skjult agenda om at her kom veg, men kommunen skulle få Coopen til å ta kostnad med infrastukturen med den nemnde brua. Dette styrkar meg i trua etter opplysningar i Firda frå prosjektleiar Førdepakken Ingar Hals Statens vegvesen skriv bl. anna: Ein ny veg frå Indre Øyrane til Langebruvegen med bru over Løken, har vore inne i kommunale planar frå 1990-talet.

No må politikarane i Førde ta styringa.

På eit informasjonsmøte 26. okt. 2016 der Vegvesenet informerte om planane møtte eg på vegne av eldrerådet i Førde. Her kom det fram, at stort sett alt av parkeringsplassar for dei næringsdrivande forsvant langs Langebruvegen. Ein skulle og få på plass til den berømte sykkelvegen. Eg påpeikte den enorme trafikknemnda som ville bli med eit anslag på 4-6000 bilar i døgnet.Men den kommunale byråkraten som var tilstades imøtegjekk at det ville ikkje bli nokon enorm trafikkauke og dessuten hadde ikkje han ansvaret for dette, det var politikarane. Etter slike opplysningar er det vel på tide at politikarane i Førde tek styringa og ikkje let administrasjonen styre utviklinga i Førde. Dette var den same byråkraten som på eit medlemsmøte i Førde AP for fleire år sidan orienterte om vegplanane i Førde. Då det vart etterlyst tunell på riksveg 5 frå Hornnes til Vie, som sivilarkitekt Kjartan Myklebust hadde føreslege for å avlaste Riksveg 5 gjennom Førde sentrum. Då fekk ein til svar at det var ein gamal plan som ikkje var brukande.

Då er spørsmålet til prosjektleiar Arve Seger: Kva var så gale med den gamle planen med tunnell på Riksveg 5 frå Hornnes til Vie som ikkje var brukande. Her bør det føreligge eit godt svar.

Eg er einig i at Langebruvegen er noko rufsete og må rustast opp, men planane med å få denne som gjennomgangsveg tilknytta Indre Øyrane må vere den største galskap i nyare tid.

Og når det attpåtil kjem fram i opplysningar i Firda frå Ingar Hals Prosjektleiar Førdepakken sitat: Vegane vil gje alternativ tilkomst til Førde sentrum, men vil bli utforma slik at gjennomgangstrafikk i svært liten grad skal nytte dei. Det er eit ønske at gjennomgangstrafikk frå aust mot Florø framleis skal køyre E39 og riksveg 5 og ikkje gjennom sentrum og Langebruvegen.

Jammen er det mangt ein skal forstå. Her skal byggast svære interne vegar, men dei skal samtidig utformast slik at gjennomgangstrafikken i svært liten grad skal nytta dei.

Kan Førde planlegge ein ny bydel, der bybussen ikkje kjem fram.

På formannskapsmøte 3. november 2016 sat eg som tilhøyrar då dei handsama planen for Indre Øyrane. Her vart etterlyst buss-stopp i Langebruvegen. Det kom fram at busslomme ikkje var planlagt. Her vart bl. anna opplyst at bussane som kom frå Angedalsvegen ville ikkje kunne svinge av i lyskrysset ved drosjesentralen, det er for trangt. Då er mitt spørsmål til varaordførar Haugsvær (som leia møte ved ordførar sitt fråver): Går det an å planlegge ein ny bydel i Førde, der bybussane ikkje kan kome til og frå. Er det ikkje slik at vi vert oppmoda til å nytte meir kollektiv transport ?.

Byplanleggar. Bygg opp ein felles robust by-/planavdeling i staden for dyre konsulentfirma.

Det er no gjort politisk vedtak om ny byplanleggar for styrke byplanlegginga. Her har vi vi fagfolk buande i Førde, som set med topp kompetanse og treng ikkje innføring. Eg tenker på sivilarkitekt Kjartan Myklebust som etter mitt skjøn har den beste kompetanse til å føre byplanlegginga inn på eit skikkeleg spor. Han er rett nok pensjonist, men har langt meir innsikt enn dei som styrer med byplanlegginga i Førde i dag. Han må kunne vere ein god rådgivar for Førde kommune. Bruk han. Elles burde vel politikarane alt no tenke på at her er under 3 år til storkommunen er eit faktum. Skal byplanavdelinga styrkast, så bør ein vel alt no tenke felles sak. Bygge opp ein felles robust planavdeling for by-/bygdeplanlegging inn i framtida.

Vil ikkje politikarane ta ansvar å endre denne vegutbygginga i Førde – Aksjonsgruppe.

Uansett kven ein snakkar med i Førde, så tek det til å gå opp for folk, kva galskap som held på å skje. Førde kommune byggjer på kommuneplan for trafikk som Førdepakken er vedteken og bygd på i Stortinget. Krevjande seier rådmann, når store prosessar byggjer på planar bystyret har vedteke. Skal vi tenke andre løysingar, vil utruleg mange planar stoppe opp. Ja stopp dei. Det vil vere det beste for bygdebyen Førde inn i framtida. Blir denne vegløysinga gjennomført, vil Førde bli kjent for noko heilt anna enn bagatellmessig har vore; landets styggaste bygdeby.

Då vil det i framtida vere: Førde bygdebyen med dei mest planlause vegløysingar i landet.

Politikarar bruk fjellvettregelen: Det er ingen skam å snu.

Dersom ikkje politikarane i Førde vil ta ansvar, vil eg lufte tanken at det vert oppretta ei aksjonsgruppe i Førde. Denne har som mål å få stoppa galskapen med biltrafikken slusa inn i Langebruvegen og over Indre Øyrane. Denne gruppa må vere samansett tverrpolitisk og folkeleg. Her må alle frivillege og humanitære organisasjonar i Førde kunne slutte seg til som; Fagforeningar, Pensjonistlag, Idrettsorganisa