Kategorier
Nyheter

Enno sjanse å sikre at Førde bli ein triveleg stad i framtida

Av Kjartan Myklebust, Odd Skrede og Lidvin Osland, Førde

Vi har fått uvanleg mange hyggelege tilbakemeldingar, etter vårt innlegg i Firda den 14. august. om revisjon av Førdepakken. Vi takkar alle og kvar og ein for det, og forstår no at Førdepakken kan kome til å snu opp ned på valet til den nye Sunnfjord kommune.

Vi takkar også dei politiske partia, som no har gjeve svar, i god tid før valet den 9. september. Det verkar som at folk flest har merka seg kva for parti som no er villige til å gje Førdepakken eit nytt og betre innhald. Så langt ser det ut for at det kan bli fleirtal både for tunnel og parkeringsanlegg i Hafstadfjellet.
I tillegg viser det seg at eit stort folkefleirtal er samde med oss i at det vi treng ved Førdehuset, er ei gang- og sykkelbru over til Hafstadparken. Det går fram av Firda si rundspørjing på nettet, der bortimot 80 % – av ca. 500 innmeldingar – seier nei til bilbru over Jølstra til Hafstadparken.

For oss har det vore viktig å peike på at vi enno har ein sjanse til å sikre at framtidas Førde vert ein triveleg og velfungerande stad, med menneska i sentrum. Men då må føreliggande trafikkplan omgjerast, for å unngå at bilismen overtek, og gjer heile sentrum til ei trafikkmaskin. Difor må Førdepakken reviderast.

Vi ønskjer ikkje at våre etterkomarar må overta eit sentrum som er fastlåst som ei slik trafikkmaskin, – for uoverskodeleg framtid. Dei må i staden få høve til å utvikle eit triveleg sentrum for menneskelege aktivitetar, og gje plass for parkanlegg, og rolege soner – med bord og benkar – for avkopling, samtaler, rekreasjon.

Vi ber difor deg som skal velje parti ved valet 9. september om å gje di røyst til eit parti som best sikrar trivsel og velferd for oss som er brukarane av sentrum i dag. Og for dei som kjem etter oss.