Kategorier
Nyheter

Trafikkflyt – eit mantra for vegvesenet

Av Kjartan Myklebust, Førde

Firda har på nettsida si den 02. sept. eit intervju med Erling Varlid i Statens vegvesen. Her er det mykje å merke seg. Mellom anna det faktum at vegvesenet v/Erling Varlid har invitert seg sjølv til å møte opp i eit formannskapsmøte i Førde kommune, for å legge fram sitt og vevesenet sitt syn, og sine skremslar for vår alternativ trafikkplan for Førde sentrum. Då må ein spørje seg; Er det verkeleg så maktpåliggande for vegvesenet og Erling Varlid å trumfe igjennom ein trafikkplan som vil gjere Førde sentrum til ein trafikkmaskin, og ein mindre gjestmild stad å vere?

At Erling Varlid tek i bruk sterke ord for å fremje ei sak er ikkje nytt. Det skjedde m.a. i samband med eit framlegg til ny E39 frå Reset til Førde sentrum, der Erling Varlid tok i bruk faktafeil og feilinformerte i stor stil – i forsvar for vegvesenet sin plan.

Og så vidare i dette intervjuet, der eg tek opp nokre begrep:

Trafikkflyt ser ut til å vere eit mantra for vegvesenet sine trafikkingeniørar. Det ser ut til at for dei betyr dette m.a. fri bilferdsle, over alt, innan Førde sentrum, medan vi meinar at god trafikkflyt får ein ved formålstenleg kanalisering av biltrafikken, utanom sentrumsområdet.

Bruene over Løken og Jølstra: Erling Varlid uttalar at : «Fell bilbrua ved Førdehuset ut av Førdepakken, er det lite hjelp i bilbrua over Løken». Ja, dette er vi heilt samde om. Det høyrer med til vårt forslag, at ingen av desse bruene trengs, viss ein baserar seg på vår trafikk-modell.

Vegutløysing for Indre Øyrane og Hafstad: Påstanden om at desse bruene er nødvendige for utløysing av byggeområda på Indre Øyrane og Hafstad, er svært misvisande. Desse områda vil vere best tente med – med dei formåla dei er tenkt nytta til – å vere frie for gj.gangstrafikk, og heller vere tilknytta lokale tilkomstvegar frå tilgrensande hovudvegar.

Naustdalsvegen og rundkøyringar: Naustdalsvegen kan utvidast til 4-felts veg, utan noko ulempe for tilgrensande etableringar, og med relativt låge kostnader. Dette vil vere eit naturleg tiltak innanfor vår trafikkmodell. I ein slik samanheng vil eksisterande rundkøyringar bli utvida tilsvarande.

Krysset mellom Langebruvegen og Angedalsvegen: Førebels har vi ikkje fått førelagt av vegvesenet nokon plan for dette krysset. Kvifor har ikkje Førdepakken / Statens vegvesen offentleggjort sine planar for dette krysset ? Ventar dei til at «stormen» event. har lagt seg ?

Kostnader: Vi er mange som har prøvd å få fram dei kalkulerte kostnader for dei einskilde trafikktiltaka i Førdepakken, for å kunne føretake ei samanliknande vurdering. Men, desse opplysingane vil ikkje vegvesenet gje frå seg. Dermed er politikarane (og vi) avskorne frå heilt vesentleg informasjon, når ein skal vurdere, – og ta stilling til saka. Er det slik at Statens vegvesen framleis held fast på si gamle rolle som ein stat i staten, og køyrer fram på udemokratisk vis?