Kategorier
Nyheter

Er to tunnelar i Hafstadfjellet i konkurranse med kvarandre?

Av Helge Ottesen, Førde

Både ja og nei. Viss Statens vegvesen hadde kostnadsrekna og teke ei objektiv vurdering av Kjartan Myklebust sitt forslag om tunnel frå Brulandsberget til Reset, ville det vore ein farleg konkurrent til tunnelen heilt frå Myra i Gaular. Den ville kosta langt mindre med halve tunnelengda. Men det ville ikkje Statens vegvesen vere med på, og eliminerte dette forslaget med feilaktig grunngjeving.

Den korte tunnelen i Hafstadfjellet mellom rundkøyringa ved Storehagen bru og Hafstad, er ikkje ein konkurrent til E39-tunnelen, men ein nødvendig medspelar. Av dei 14.000-15.000 bilane som køyrer nye E39 i tunnelen Langeland-Bruland, er det ein del som kjem frå eller skal til Naustdal, Florø og Bremanger. Desse må køyre Fjellvegen for å kome til og frå Rv5, Naustdalsvegen.

Å få denne biltrafikken til å køyre tunnelen ved sida av Fjellvegen, vil vere ein stor fordel for sentrum Sør. Då vil det ikkje vere noko problem med å byggje nye høghus, eller parkerings problem i sentrum Sør. Då kjem ein lett til å sprenge parkeringshall mellom tunnelen og Fjellvegen, og kan byggje alle den parkeringa som det er trong for – utan å ta noko av det det vesle arealet som er ledig ved sentrum Sør. Lokaltrafikken på Fjellvegen vil heller ikkje vere noko stort problem, og rundkøyringa ved Storehagen bru vil få ein stor reduksjon frå biltrafikk i E39-tunnelen som kjem frå Rv5, eller skal til Rv5.

Firda sin journalist, Helge Johnsen, freista å få politikarar i nye Sunnfjord kommune til å uttale seg om dei to tunnelane i Hafstadfjellet i Firda 25.02.2020.

Helge Johnsen skriv: «Kommunedirektør Ole Johan Østenstad i Sunnfjord kommune ordlegg seg forsiktig om det som først og fremst blir ei politisk avveging . Han seier likevel følgande: – Eg ser ein risiko for at ting kan bli sett i spel, og at det å ha gåande fleire prosjekt kan svekke argumentasjonen for E39-tunnelen. Men endå meir enn dette ser eg risikoen for at tunnelen ved Fjellvegen vil svekke resten av Førdepakken».

Der kom det! Ordførar Olve Grotle og tidligare rådmann i Førde kommune, Ole Johan Østenstad, har heile tida har vore dei ivrigaste talsmenn for Førdepakken. Det må vere vanskeleg for dei, og sjå at vi ikkje treng den kostesame og problemfylte avlastingsvegen for E39 gjennom Førde sentrum. Med dei to omtalte tunnelane på plass, er avlastingsvegen for E39 unødvendig. Kva denne vegen vil koste, veit ikkje eg, men mykje pengar vil bli spart. Og det vil vere heilt unødvendig å auke dei upopulære bompengane for å dekke det uføret Førdepakken er kome i med eit underskot på 58 mill. kroner.

Viss politikarane i nye Sunnfjord kommune, er så uredde at dei seier mot Statens vegvesen, og sløyfar prosjekt 1 i Førdepakken – avlastingsvegen for E39 – og tilbyr seg og forskotere bygging av E39-tunnelen, for det prosjekt 1 ville ha kosta, trur eg det ville bli godt mottatt i mange av departementa som er med på prioritere neste utgåve av Nasjonal Transportplan.

Viss det og blir tatt med som eit argument, at vi gjer dette fordi folket i Førde vil det slik. Dei prioriterer eit meir bilfritt sentrum med rein luft og trivsel for alle. Folket i Førde er svært opptatt av eit godt og berekraftig bymiljø.