Kategorier
Nyheter

Statens vegvesen sitt spleiselag

Av Kjartan Myklebust, Sivilarkitekt, Førde

Statens vegvesen er frustrert over at Førdepakken stadig møter massiv motstand frå Førde sine innbyggarar. Vegvesenet greier altså ikkje å innsjå, at det kanskje er det produktet som dei ynskjer å selje, det kan vere noko gale med.

Blant dei som over lengre tid har hatt vesentlege innvendingar på trykk i Firda, mot Førdepakken – og som har kome med konstruktive forslag til endringar – finn ein mange som har langt større innsikt og kompetanse i byplanlegging, enn nokon i kommunestyret og Statens vegvesen har. Er det desse Vegvesenet sitt spleiselag skal omvende, seier det seg sjølv at dette tiltaket er heilt urealistisk og nyttelaust.

Her skal det brukast 200.000,- for å forsvare ein trafikkplan som er så skadeleg for Førde sentrum, at han ikkje finn sin like i heile landet.

I staden for å bruke 200.000,- på denne måten, burde desse pengane heller nyttast til å engasjere ein troika av fagfolk utanfrå, som kan forklare Statens vegvesen og politikarane litt om byplanlegging, og kvifor Førdepakken, slik den no ligg føre, er grunnleggande feil som prinsipp for god sentrumsplanlegging.