Kategorier
Nyheter

Sykkelbyen Førde som bygger vegar og bruer for auka biltrafikk.

Av Odd Skrede, Førde

I april hadde eg eit innlegg i Firda, der eg gav ros til Erling Varlid for hans profesjonelle framstilling av Førdepakken til bystyret. Eg har vorte spurt av fleire om det var så at eg hadde fått eit anna syn på vegframføringa i Førde. Nei det har eg ikkje. Det var presentasjonen til Erling Varlid eg roste, ikkje konklusjonen han kom med. Den lange tunnellen på E-39 han presenterte som er berekna til ca. 2.2 milliardar i dagens krone, ligg så langt fram i tid at det går truleg mange tiår før denne kan realiserast.

Ringvegar rundt Førde

Når tunell på E-39 frå Bruland til Tverrgrova (Reset) og tunnell på riksveg 5 frå Erdalen / Hornnes til Vie er gjennomført, då kan vi snakke om omdømmebygging av Førde; byen med menneska i sentrum. Gjennomgangstrafikken ut av Førde. Men dette ser ikkje ut som administrasjon og ordføraren i Førde bryr seg med. Nei det er å ruste opp det interne vegnettet, med nye bruer og rundkøyringar med all aukande biltrafikk gjennom Førde sentrum i overskueleg framtid.

Å få vurdert endringar i Førdepakken ser ikkje ut til å vere vilje til. Arbeidarpartiet har prøvt å få vurdert avlastingstunnell Hafstad – Fjellvegen. Men det vart nei. Er det redsle for å få fram nye opplysningar som kan svekke Førdepakken. No er det nye raseringar av sentrum sør på gang.

Rundkøyringa i Bergumkrysset høgtideleg opna – Kva er prisen; avdelingsdirektør Finden?

Og det er rett at no er trafikktryggleiken her vorte veldig bra. Men no må avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens Vegvesen fortelle oss kva vart kostnaden til slutt for dette prosjektet. Det rauk nokre titalls millionar før ein kom i gang. Det vart nytta feil tilbod. Vi som betalar ein del av dette gilde, må ha krav på desse opplysningane.

Og med det same Finden; så har eg enno ikkje fått opplysningar om kva var døgntrafikken på Sandane, i Eikefjorden og på Sande, når Statens Vegvesen fann det fornuftig å legge trafikken utanom desse mindre tettstadane. Det kan no vel ikkje vere så vanskeleg å få fram desse tala, dei er vel arkivert. Må ein verkeleg inn i Vegdirektoratet for å få desse opplysningane.

Raseringa av Førde Stadion

For det første har vi ikkje bruk for noko køyrebru frå Førdehuset til Hafstadparken. Ei gang- og sykkelbru er det som trengst i sykkelbyen. Og for det andre skal det på på død og pine byggast ei køyrebru så må den byggast slik at det er framtidsretta utan å rasere Førde Stadion. Kostnaden får Statens Vegvesen ta som har ansvaret for vegplanlegginga i Førde. No får vi sjå om politikarane med ordføraren i spissen let Vegvesenet styret denne vegballetten vidare. Det er på tide at politikarane står opp no.

Kva skal til for å få tunnellen på E-39 inn i Norsk Transportsplan – til rask realisering.

Dette burde vore sett som vilkår når samanslåinga av dei fire kommunane skulle slåast saman til Sunnfjord kommune. Hadde inntrykk av at Regjeringa kunne vere med på visse kompromissar i samanslåingsprosessen. Men etter at at vedtaket er eit faktum, så ligg det an til at ein tapar millionar på heile samanslåinga.

Eg har ei utfordring til dei 4 ordførarane.

Eg utfordrar dokke fire ordførarane straks til å danne ein «firerbande» å få fram ein hurtig plan for ringvegsystem rundt Førde. I første omgang få tunnellen på E-39 inn i Norsk Transportplan.

Her er ei viss spredning i det politiske med to høgreordførar, ein AP-ordførar og ein SP-ordførar. Det er vel usikker kva makt de noverande ordførarane får i den nye Sunnfjord kommune.

No har de anledning å gjere ei god felles sak for den nye kommunen og framtida. Kanskje de kan få ein felles bauta. I skrivande stund er det usikker kva slags Regjering de må forhandle med. Men de har berre eit år på dykk. Set i gang. Førde skal vel vere byen for alle i den nye Sunnfjord kommune.