Kategorier
Nyheter

Har svevestøv noko med helsa vår å gjere?

Av Asbjørn Steen, Førde.

Når du er ferdig å lese dette innlegget lurer du vel på om høgremannen har skifta parti, men slik er det nok ikkje. Det er heller ikkje nødvendig. Men det er nødvendig å spørje om vi har nok fokus på helseplager knytt opp mot miljøet vi lever i. Eg vågar å hevde at politikarane og planleggarane av Førdepakken ikkje har gjort jobben sin på dette punktet.

Mange har høyrt om svevestøv, men ikkje tenkt meir over det. Men dette har med helsa vår å gjere. Svevestøvet kan påverke kroppen vår, til dømes i form av slag, luftvegsinfeksjonar, astma, bronkitt, lungekreft, hjarteinfarkt, blodtrykk og for tidleg fødsel.

Svevestøvet kjem frå mange kjelder, som til dømes industri, oljefyring og biltrafikk. I byar og tettstader utgjer biltrafikken over 50% av denne miljøbelastninga, og kommunen, i vårt tilfelle Sunnfjord, har ansvar for at ureininga er innanfor lovverket. Iflg. Forureiningsforskriften kap. 7-4 har kommunen plikt til å etablere målestasjonar og utarbeide luftsonekart. Visst dette ikkje er gjort, så vil innbyggarane i Førde ha krav på å vite kvifor.

Målestasjonar skal etablerast når årsdøgntrafikken (ÅDT) er over 8000 bilar. ÅDT var i Førdepakken oppgitt til 15750 bilar i 2014/2015. Reelle tal i 2019 var ÅDT på 18484 bilar.

Berre på Hafstadflata er ÅDT 13000 bilar. I merknaden til reguleringsplanen på Hafstadflatene vart det frå bebuar stilt spørsmål om støy og støvplage. Administrasjonen kommenterte støyplagene, men nemnde ikkje støvplagene med eitt ord.

Med denne trafikkmengda og dei helseplagene denne trafikken kan medføre, er det ut frå ein helsefagleg og miljømessig ståstad forsvarleg å legge endå meir biltrafikk rett utanfor inngangsdøra til ein vidaregåande skule med 1000 elevar på Øyrane? Og rett framfor inngangsdøra til Førde Helsetun, rett framfor inngangsdøra til legesenteret i Førde, rett framfor inngangsdøra til 200 leiligheiter i Langebruvegen og Angedalsvegen og rett framfor idrettsarenaen til ungdomane ved Førdehuset og Hafstadparken.

Alle i Førde har opplevd at lufta på kalde vinterdagar kan ligge som eit lok over tettstaden. Vi veit også at trafikken vil auke, bustadblokkene bli fleire og høgare, og at det politiske målet om meir liv i byen betyr fortetting og at endå fleire menneske skal leve, bu og trivast her.

Eg er den første til å innrømme at eg som politikar ikkje tenkte på problemet rundt svevestøv. Verken eg eller dei andre politikarane, etter det eg kan hugse, stilte nokon gong spørsmål om utgreiing av svevestøvproblematikken i dei mange rundane vi hadde i bystyret med dei forskjellige prosjekta i Førdepakken.

Men eg hadde faktisk venta at sakshandsamarane i kommunen hadde kontroll og utarbeidde retningslinjer i ein miljøplan, eller at Statens Vegvesen, som rådgjevar i Førdepakken, hadde kontroll. I alle fall burde miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen kjenne regelverket. Men dei ser meir ut til å vere opptekne av busker, planter og fugleliv, enn i helseplagene vi førdianarar kan bli påførde.

Legg igjen en kommentar