Kategorier
Nyheter

Hallo Jenny

Av Kjartan Myklebust, forfattar, Førde

Tidlegare var du medlem og leiar av Bygningsrådet i Gaular. Eg reknar med at det då på den tida var ein del fokus på (og samtaler om) tettstad-analysar, om korleis ein kunne få til – forbetre – sentrumsmiljø.

Men, det ser ikkje ut til at du går inn for slike prinsipp for god sentrums-planlegging, når det gjeld Førde sentrum.

Eg registrerer at du er veldig aktiv med å motarbeide at Førdepakken vert teken opp til revisjon. Sjølv om at det er innlysande, at denne pakken inneber at Førde sentrum blir ein einaste stor trafikkmaskin – til stor skade for sentrumsmiljøet – for næraste framtid, og mange tiår fram i tida.

Det vanlege er sjølvsagt at ein byplan vert forma ut av fagfolk. Men, det gjeld ikkje Førde. Her er byplanen overlaten til Statens vegvesen sine folk, som dermed dyrkar sine prinsipp; om å gjere det mest mogeleg framkommeleg for bilar. Mjuke trafikantar er noko dei henger på; over ei køyrebru, og langs køyrevegar elles.

Det er over heile landet føreteke revisjonar av ulike sentrums-pakkar, fordi ein etter kvart såg vesentlege feil og ulemper ved dei pakkane som først vart vedtekne. Det same bør Sunnfjord kommune no gjere; – få til ein gjennomgang og oppjustering av Førdepakken, med bistand av fagkyndige.

Reaksjonar frå folk på gata i Førde sentrum, tyder på at mange er imot Førdepakken, slik den ligg føre no. Så her er det mange stemmer å hente, for den som er i stand til å vike vekk frå fastlåste standpunkt, – og i staden opnar for ei oppjustering og revisjon av Førdepakken.

Eg trur du vil vinne mykje ved å ta initiativet til ei slik revurdering av Førdepakken.